Monday, October 27, 2014

Dagens post er helt irrelevant, men den beviser likevel Bikkjestykketpostens lynkjappe kontinentale utvikling. Vi har idag mottatt et kåseri fra en ivrig leser, som attpåtil formulerer seg på nynorsk! BSPostens ekstraordinære korrespondenter gjennomførte dessuten en omfattende undersøkelse i parken, for at dagens post kan inkluderes på nyhetssiden. Spørsmålet vi stilte var veldig enkelt; Hva synes du om den blåblå regjeringa, så langt? Bikkjestykkets innbyggere var klare i sin sak, og mente alle at regjering til nå har skuffet stort. Dette innlegget beviser hvorfor. Take it away, Herr Flo!

Ein blåblå vinter

Vinteren kjem igjen. Akkurat som året før. Og året før der igjen. Men denne vinteren her blir ikkje som alle andre vintrar. Tvert imot! Før eg har ein draum! Ein draum om ein blåblå vinter.For eit heilt år sida fekk vi ein ny regjering her i Noreg. Ein blåblå ein. Beståande av ein gjeng gjøker med alt for mange lovnader. No har døm fått satt seg godt tilrette i dei blå designarstolane sine.  

Vi har vore greie med døm. Dei har fått eit år på seg til å få igjennom nokon av hjertesakane sine. Det ville ikkje vere rettferdig å hakke på dei for eit år sidan, litt tid må dei jo få. No derimot, kan me hakke så mykje vi berre vil.

Tilbake til der vi starta. Vinteren er snart her. Men no er alt det norske med vinteren kasta på dør. Koselege hytteturar på fjellet, med eviglange skiturar, Kvikk Lunsj, blåtime og solbærtoddy på termos blir det ikkje noko lenger av. Heilt ute av det blå legg no den blåblå regjering i staden opp til chartertur til Hotell Junior på solfylte Gran Canaria, med lyseblått hav og Blue Lagoon-drinkar heile dagen lang, slik at dei styrtrike kan få øst ut skatteletten sin på sydentur.  

Frå no av kan vi også gløyme å sjå ein vaskekte sluttspurt mellom Petter Northug og Marcus Hellner under den klassiske femmila til vinteren. Arne Scheies ærverdige kommentering av hoppuka kan vi også sjå langt etter. Og for å ikkje snakke om skiskytingstafetten leidde an av Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø og ikkje minst, Ole Einar! No skal vi alle vere klistra til fjernsynet, med norske flagg, skjerf og kubjøller mens Nordic Fight Night, altså boksing, halde på i Oslo Spektrum.

Den urnorske sparken har også sett sine siste dagar. Takket vere den blåblå regjeringa, er den søte sparken blitt erstatta med praktiske, og fancy Segways, eller ståhjulingar på hinsides godt norsk. Desse kule fartøya har jo verkeleg slått an, også så billege og miljøvenlege! Skulle nesten tru den blåblå regjering, leidd av blånissehøvding Erna Solberg, har tenkt på klima når dei foreslo ståhjulingar som framtidas framkomstmiddel, men neida! Den blåblå regjering trur ikkje på global oppvarming!  

Over til noko langt meir alvorleg. Vegane her til lands skal jo no vere så sinnsjukt mye betre, sant? Greit nok det, men det byr jo på visse problem om vinteren, i kombinasjon med eit anna blått problem. Alle hjelpearbeidarane i Noreg er, eller rettare sagt var, utlendingar, og døm er jo alle sendt ut av landet! Heile gjengen! Vi veit alle at nedsnødde vegar som ikkje er strødd er som ein skøytebane om vinteren, og kombinerer du det med dei nyasfalterte, såpeglatte vegane er reine helvete laus. Nå skal eg ikkje ta heilt av her eg står, men det skal jo også leggjast til at den blåblå regjering støttar alkohol fullt ut, eksempelvis forslag om oppheving av skjenketider, dessutan fri spritkjøping for 18-åringer, blotta for hjernemasse. Eg tørr ikkje eingong tenkje på stormen av dødsulykker vi vil vere vitne rundt juletider!

Eg må si eg gleder meg, veldig. Eg gleder meg til gode gamle Jensemann hoppar ut av NATO, sparkar ut dei blåblå frå regjeringskvartalet og gjennopptar Soria Moria. Som dei seier; Bak skyene er himmelen alltid blå.

av Ein gjesteskribent frå Stryn (78)

No comments:

Post a Comment